Toppstykket på dronningsepteret har fire akantusliknande blad i forgylt sølv kring ei kjerne pryda med ametystar. Åtte dropeforma ametystar heng i små ringar over og under bladverket. Septeret vart laga av Erik Lundberg i Stockholm i 1830.
Dronningsepteret
Av .

Dronningsepteret er septeret til den norske dronninga og eitt av dei norske riksregalia. Det er ein utsmykka stav som vart brukt ved dei tre norske dronningkroningane i 1860, 1873 og 1906.

Septeret vart laga i Stockholm av gullsmeden Erik Lundberg i 1830. Det er av forgylt sølv, er 70 cm langt og veg 574 gram.

Bakgrunn

Dronningsepteret vart laga til den planlagde norske kroninga av dronning Desideria, kona til Karl Johan. Ho hadde ikkje blitt krona saman med kongen i 1818. Den norske staten skaffa difor ei dronningkrone, eit septer og eit rikseple til henne i 1830. Dronningas regalia vart betalte av staten, medan Karl Johan sjølv hadde betalt for kongens regalia frå 1818. Den planlagde kroninga av Desideria vart aldri gjennomført, og dronningregalia vart liggjande ubrukte fram til 1860.

Utforming

Dronningsepteret er mindre og lettare enn kongesepteret, men rikare utsmykka. Det er pryda med ametystar og har ein safir innfelt i handtaket. Den siselerte dekoren liknar utsmykkinga av bøylane på dronningkrona.

Toppstykket er bygd opp av fire akantusliknande blad omkring ein kjerne pryda med ametystar. Åtte ametystar heng ned frå toppstykket, som øvst endar i ei kule. Ametystane går att i både dronningkrona og dronningas rikseple.

Bruk

Dronning Maud og kong Haakon 7. i kroningsdrakt i 1906. Dronninga held dronningsepteret i høgre hand og rikseplet i venstre. Septeret hadde tidlegare vore brukt ved dronningkroningane i 1860 og 1873. Kroninga i 1906 var den siste der det vart brukt.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY 2.0

Dronningsepteret vart fyrst brukt ved kroninga av dronning Louise i 1860, 30 år etter at det vart laga. Det vart deretter brukt ved kroningane av dronning Sofie i 1873 og dronning Maud i 1906. Alle dei tre kroningane fann stad i Nidarosdomen.

Under kroninga vart dronninga fyrst salva og fekk dronningkrona sett på hovudet. Deretter fekk ho overrekt septeret og rikseplet som teikn på dronningverdigheita. Maud var den siste dronninga som brukte septeret ved ei kroning.

Kroningsplikta i Grunnlova vart oppheva i 1908. Ved signinga av Harald 5. og dronning Sonja i 1991 vart ikkje septeret overrekt. Det var kongekrona og dronningkrona som stod framme under seremonien.

Oppbevaring

Frå 1988 til 2006 var dronningsepteret utstilt saman med dei andre norske riksregalia i Nidarosdomen.

Sidan 2006 har det vore utstilt i Erkebispegarden i Trondheim. Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider har det utøvande ansvaret for samlinga.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg