Kongens regalia er dei norske riksregalia som særleg høyrer til kongen. Dei vart skaffa til kroninga av Karl Johan i Nidarosdomen i 1818 og er symbol på kongemakta og kongeverdigheita.
Kongens regalia er:
- kongekrona
- Kongens rikseple
- Kongens septer
- salvingshornet
Kongekrona, septeret og rikseplet vart brukte under dei norske kroningane. Salvingshornet inneheldt den innvigde oljen som vart brukt då kongen vart salva.
Rikssverdet og riksbanneret høyrer òg til dei norske riksregalia, men blir vanlegvis omtala som sjølvstendige regalia og ikkje som del av Kongens regalia.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.