Faktaboks

Penelope Fitzgerald
Fødd
1916
Død
2000

Penelope Fitzgerald var ein britisk forfattar som er særleg kjend for sine historiske romanar og romanar med sjølvbiografiske trekk.

Biografi

Penelope Mary Knox var fødd i ein ressursterk familie og vaks opp i London. Etter skulegang på Wycombe Abbey, ein kostskule for jenter, studerte ho på Somerville College ved Universitetet i Oxford. Mor hennar, Christina Knox, var ein av dei første kvinnelege studentane ved Oxford, og Penelope tok eksamen der i 1938 med beste karakter.

Under andre verdskrigen arbeidde Penelope for BBC. I 1942 gifte ho seg med Desmond Fitzgerald. Han blei dekorert for innsatsen sin i Nord-Afrika under krigen, men sidan han blei alkoholisert, fekk Penelope Fitzgerald i etterkrigsåra hovudansvaret for å forsørgje mannen sin og dei tre barna deira. Ho hadde ulike lærarstillingar heilt til ho var 70 år gammal.

Tidleg forfattarskap

Penelope Fitzgerald debuterte som 58-åring med ein biografi om den britiske målaren Edward Burne-Jones. I 1977 ga ho ut den første romanen sin, eit mordmysterium med tittelen The Golden Child. I løpet av dei neste fire åra publiserte ho fire romanar. Den mest kjende er The Bookshop (1978), som vart nominert til Bookerprisen. Handlinga i denne romanen fokuserer på enka Florence Green, som møter ulike former for motstand og komplikasjonar etter å ha bestemt seg for å opne ein bokhandel i ein britisk kystby. Meldingar av romanen, som var skriven av ein relativt ukjend forfattar, var først lunkne, men The Bookshop blir no rekna som ein av Fitzgeralds viktigaste.

Det er også romanen Offshore, som vann Bookerprisen i 1979. Som The Golden Child har Offshore sjølvbiografiske trekk. Fitzgerald budde i fleire år i ein seglbåt som låg for anker på Themsen ved Battersea Reach i London, og romanen utforskar personanes utfordringar, prioriteringar og erfaringar i eit usikkert, vekslande liv mellom land og sjø. Persongalleriet er nyansert og Fitzgeralds kararakterisering viser psykologisk innsikt i både kvinnelege og mannlege romanpersonar.

Historiske romanar

På 1980-talet vende Fitzgerald seg mot den historiske romanen. Handlinga i Innocence (1986), som utspelar seg i Firenze på 1950-talet, fokuserer på forholdet mellom dattera til ein fattig aristokrat og ein lege i ein kommunistisk familie frå Sør-Italia. I The Beginning of Spring (1988) flytter ho handlinga til Moskva rett før den russiske revolusjonen i 1917. Hovudpersonen er ein britisk forretningsmann som er fødd og oppvaksen i Moskva.

The Blue Flower, som Fitzgerald ga ut fem år før ho døydde, er for mange lesarar hovudverket hennar. Denne historiske romanen dramatiserer livet til den tyske aristokraten Friedrich von Hardenberg, som var ein av dei fremste representantane for den tyske tidlegromantikken rundt 1800 og er meir kjend under pseudonymet Novalis. Utgangspunktet for handlinga er at Novalis, som er tidleg i 20-åra, forelskar seg i Sophie von Kühn, som er 12 år. Dei forlovar seg, men Sophie døyr av tuberkulose to år seinare. Diktaren Johann Wolfgang von Goethe og filosofen Karl Wilhelm Friedrich von Schlegel dukkar også opp i boka. Tittelen spelar på die blaue blume, romantikkens blå blomst som i Novalis' ufullførte roman Heinrich von Ofterdingen (1802) symboliserer romantikkens lengsel etter det uendelge.

Som alle Fitzgeralds romanar er The Blue Flower kort. Den er kjenneteikna av skiftande perspektiv, impresjonistiske scener og presise personkarakteristikkar som minner om George Eliot og viser påverknad frå modernistiske forfattarar som Katherine Mansfield og Virginia Woolf.

Påverknad og aktualitet

I tillegg til desse forfattarane er Fitzgerald påverka av den rike romantradisjonen i britisk litteratur meir generelt og av tradisjonen i europeisk litteratur, ikkje minst Dante Alighieri. Ho har sjølv påverka og inspirert britiske forfattar som Antonia Byatt, og ho har hatt betydeleg gjennomslag i USA og andre land.

Fitzgerald skreiv også biografiar og noveller. I 1997 mottok ho National Book Critics Circle Award og i 1999 blei ho tildelt Golden PEN Award.

Forfattarskap

Romanar

  • The Golden Child (1977)
  • The Bookshop (1978)
  • Offshore (1979)
  • Human Voices (1980)
  • At Freddie's (1982)
  • Innocence (1986)
  • The Beginning of Spring (1988)
  • The Gate of Angels (1990)
  • The Blue Flower (1995)

Novellesamling

  • The Means of Escape (2000)

Biografiar

  • Edward Burne-Jones (1975)
  • Charlotte Mew and Her Friends: With a Selection of her Poems (1984)

Litteratur

  • Barnes, Julian (2008). Ho did she do it? The Guardian, 26. juli.
  • Erdinast-Vulcan, Daphna (2024). The Poetics of Re-Enchantment: Penelope Fitzgerald's The Beginning of Spring. Critique: Studies in Contemporary Fiction, 65:5, s. 811-823.
  • Lee, Hermione (2013). Penelope Fitzgerald: A Life. London: Chatto & Windus.
  • Marcus, Laura og Peter Nichols (red. 2012). The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Wolfe, Peter (2004). Understanding Penelope Fitzgerald. Columbia: University of South Carolina Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg