Sestroretsk
| Sestroretsk | |||
| Сестрорецк | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | St. Petersburg | ||
| Folketal | 45 697 (2023)[1] | ||
| Grunnlagd | 1714 | ||
| Retningsnummer | +7 812 | ||
![]() Sestroretsk 60°06′00″N 29°58′00″E / 60.1°N 29.966666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Sestroretsk | |||
Sestroretsk (russisk Сестроре́цк, finsk Siestarjoki, svensk Systerbäck) er ein by i Kurortnyj-distriktet i den føderale byen Sankt Petersburg i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved munningen til elva Sestra i Finskebukta, rundt 25 km nordvest for sentrum av St. Petersburg.
Sestroretsk vart grunnlagd av Peter den store i 1714 i samband med bygginga av ein ammunisjonsfabrikk (dagens Sestroretsk Verktøyfabrikk). Byen er òg kjend som ein kur- og badestad.
I 1812 vart byen innlemma i Storhertugdømet Finland. I 1864 vart byen overdratt til Russland i bytte mot eit løfte om kompensasjon, etter sigande i form av tilgang til ei isfri hamn ved Barentshavet ved Petsamo.[2]
I 1875 eksperimenterte Fjodor Pirotskij med elektrisk drivne jernbanevogner på Sestroretsk-banen. Elektrisiteten vart overført over ei avstand på rundt ein kilometer. Sjølv om eksperimentet ikkje varte, så var dette første bruk av elektrisitet til drift av jernbaner i verda.
Den nordvestlege delen av byen var ein del av Finland, under namnet «Rajakoki», frå 1917–1940 og 1941–1944.
Kjende personer frå Sestroretsk
[endre | endre wikiteksten]- Leonid Andrejev – forfattar
- Mikhail Zosjtsjenko – forfattar
- Kornei Tsjukovskij – diktar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2023 года (på russisk), Rosstat, 31. juli 2023, Wikidata Q126719912
- ↑ Prosjekt Runeberg: «Siestarjoki»
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sestroretsk» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.
