Hopp til innhald

Jerv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jerv
Jerv
Jerv
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av jerv
Utbreiinga av jerv
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Mårfamilien Mustelidae
Slekt: Gulo
Art: Jerv G. gulo
Vitskapleg namn
Gulo gulo

Jerv eller fjellfross (Gulo gulo) er eit rovpattedyr som høyrer til mårfamilien, og er det største mårdyret i Noreg.[2] Jerv finst i spreidde bestandar sirkumpolart i nordlege fjellområde.[3]

Jerven, som kan ha vege opptil 25 kg, er kraftbygd og sterk etter storleiken. Han går på heile solen av foten, noko som gjer det lettare for han å gå på overflata av snøen.[2] Bitet er kraftig slik at han kan ete frose kjøt og knuse knoklar frå store dyr for å få tak i beinmargen. Jerven kan drage med seg byttedyr fleire gonger større enn seg sjølv. Dei lagrar føda i myrhol, bekker osb. for vinteren.

Om vinteren har jerven rein som hovudføde, men lever også av åtsel, både det han finn og vinterlager han har lagt seg opp.[2] Sommardietten er meir variert, med fuglar, små og mellomstore pattedyr og plantar på menyen.

Jerv filma i Helsinki dyrehage.

Raudlistevurdering

[endre | endre wikiteksten]

Jerv (Gulo gulo) blir vurdert som sterkt truga EN fordi det er få reproduserande individ i Noreg.[1]

  1. 1 2 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (2021-11-24). «Pattedyr: Vurdering av jerv Gulo gulo for Norge. Norsk rødliste for arter 2021». Artsdatabanken. Henta 2022-03-11.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  2. 1 2 3 «jerv» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 2022-03-11. Henta 2022-03-11.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jerv