Hand of Doom
| Hand of Doom Song av Black Sabbath frå albumet Paranoid | ||
| Utgjeve | 18. september 1970 | |
| Lengd | 7:08 | |
| Selskap | Vertigo | |
| Komponist | Tony Iommi | |
| Låtskrivar(ar) | Tony Iommi, Geezer Butler, Bill Ward, Ozzy Osbourne | |
|---|---|---|
| Produsent | Rodger Bain | |
«Hand of Doom» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Black Sabbath. Han kom opphavleg ut på det andre albumet deira, Paranoid, i 1970.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Songen vart til etter at bandet seint i 1960-åra hadde sett at stadig fleire amerikanske soldatar kom til England frå Vietnamkrigen med alvorleg rusmiddelavhengnad. Særleg var mange avhengige av heroin, som i fleire tilfelle vart brukt for å handtere posttraumatisk stressliding.[1] Songen teiknar eit lite flatterande bilete av bruk av harde rusmiddel som sjølvmedisinering. Geezer Butler skreiv teksten, medan musikken er tileigna heile bandet.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Black Sabbath
- Ozzy Osbourne – vokal
- Tony Iommi – gitar
- Geezer Butler – bassgitar
- Bill Ward – trommer
Coverversjonar
[endre | endre wikiteksten]Danzig-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Bandet Danzig spelte inn «Hand of Doom» på albumet Danzig 5: Blackacidevil, med ny tekst og nye musikalske arrangement av Glenn Danzig. Danzig forklarte endringane sine frå originalversjonen slik: «Eg ville ikkje at folk skulle tru det berre var ein coverversjon ... Eg byrja å improvisere og vrei på orda. Melodien er framleis den same, med ein slags industriell groove i byrjinga, og så kjem refrenget og alt tek heilt av, med skrikande vokal.» Ideen om å spele inn ein coverversjon kom under ein lydsjekk med den dåverande Danzig-gitaristen John Christ.[2]
Orange Goblin-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Bandet Orange Goblin spelte inn «Hand of Doom» på EP-en Nuclear Guru.[3]
Slayer-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Bandet Slayer spelte inn «Hand of Doom» til hyllestalbumet Nativity in Black II.[4]
Tool-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Det progressive rockebandet Tool har spela songen. Dei framførte han fyrste gong på konserten Back to the Beginning, og har framført han på fleire andre konsertar i 2025.[5]
I populærkulturen
[endre | endre wikiteksten]- Melissa Auf der Maur, kjend frå arbeidet sitt med Hole og The Smashing Pumpkins, leidde eit Black Sabbath-coverband som tok namn etter songen.[6]
- Songen vart brukt i ei scene i den fjortande episoden av den fyrste sesongen av Elementary, som opphavleg vart send 3. februar 2013.[7]
- «Trapped Under Ice», ein song av Metallica om avhengnad frå albumet Ride the Lightning (1984), viser til denne songen i tekstlinja «Hand of doom has a tight grip on me».
- Plateomslaget til Black Science av GZR skal førestille Black Sabbath-songen «Hand of Doom».[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hand of Doom» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2026.
- ↑ Classic Albums – Paranoid av Isis Productions/Eagle Rock Entertainment.
- ↑ «Glenn Danzig – On the Record». Metal Edge. mars 1997. Arkivert frå originalen 17. oktober 2011. Henta 5. september 2026.
- ↑ «Sunday Old School: Orange Goblin». Metal Underground. Henta 5. september 2026.
- ↑ «The Real Meaning Behind Black Sabbath's Hand Of Doom». Grunge. Henta 5. september 2026.
- ↑ Bergamini, Isabella (5. juli 2025). «Tool Cover Black Sabbath's "Hand Of Doom" At Back To The Beginning Show -». mxdwn Music (på engelsk (USA)). Henta 5. september 2026.
- ↑ «Auf Der Maur MTV Biography». MTV. 17. mars 1972. Arkivert frå originalen 19. februar 2006. Henta 5. september 2026.
- ↑ Video på YouTube
- ↑ «Black Science at Black Sabbath Online». Black Sabbath Online. Henta 5. september 2026.