Norske folkeviser er eit verk på rundt 900 sider og inneheld kring 100 mellomalderviser (balladar), blant dei Draumkvedet i ei redigert form og i ei oppskrift etter kvedaren Maren Ramskeid, og viser som Åsmund frægdegjeva, Roland og Magnus kongen, Liti Kjersti og Bendik og Årolilja. Boka inneheld òg nokre nyare bygdeviser, stev, leikar og barnerim, dessutan eit notetillegg ved folkeminnesamlaren Olea Crøger. For norske forfattarar sidan 1850-åra har Norske folkeviser vore ei gullgruve og har verka inspirerande gjennom både stoff og stil.
I forordet til Norske folkeviser karakteriserer Landstad samlinga som eit bergingsprosjekt – som «at redde et gammelt Familiesmykke ud af det brændende Huus». Han peikar på at det er den grundige kjennskapen hans til folket i Øvre Telemark som gjer at han kan makte oppgåva. Olea Crøger, historikaren Peter Andreas Munch og språkforskaren Ivar Aasen var viktige konsulentar for verket.
Norske folkeviser hadde ein trong fødsel, i konkurranse med eit planlagd viseprosjekt som Jørgen Moe og boktrykkar Peter Tidemand Malling stod bak. Moe og Malling prøvde å presse Landstad ut, og eit visemanuskript som Olea Crøger i 1842 sende til Malling med tanke på utgjeving, vart ikkje returnert. I den språklege attgjevinga av visene hadde Landstad først tenkt å følgje uttalen, men valde i samråd med Peter A. Munch ei høgtidssam og arkaiserande norm, i retning av norrønt.
Norske folkeviser er ikkje noko vitskapleg verk, og dette fekk Landstad kritikk for. Men skuldingane om at han hadde kasta originaloppskrifter og nærmast smurt i hop visetekstane sjølv, var grunnlause; originaltekstane har seinare kome for dagen. Landstads samling er eit uttrykk for både nasjonalromantikk og nasjonsbygging på midten av 1800-talet. Boka skulle fylle fleire oppgåver: dels leggje fram litterært arvegods, dels gjennom ei stilrein språkform trekke linjer tilbake til norrøn sagatid, dels verke nasjonalt samlande.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.