Faktaboks

Inge Krokann

Egentlig Ingebrikt Krokann

Fødd
19. august 1893, Oppdal, Trøndelag
Død
27. desember 1962, Gausdal, Innlandet
Virke
Forfatter
Familie

Foreldre: Gårdbruker, tømmermann og snekker Trond Jonsson Krokann (1858–1936) og Dørdi (Dorothea) Olsdatter Lo (1859–1933).

Gift 1921 med lærer Gunvor Widebæk Lund (24.9.1899–15.7.1991), datter av gartner Jørgen Widebæk Lund, Danmark (1868–1951) og Janna Johnsen (1866–1951).

Inge Krokann (1929)
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Inge Krokann var ein norsk forfattar. Han er mest kjent for den historiske romanrekkja om oppdalsbøndene i seinmellomalderen, som omfattar I Dovre-sno (1929), Gjenom fonna (1931), På linfeksing (1934) og Under himmelteiknet (1941). Her tek han opp møtet mellom dei norske bøndene på den eine sida og dei nye danske makthavarane på den andre, men også tema som heidenskap kontra kristendom.

Krokann leverte òg viktige bidrag til nyare norsk historie, og det var han som innførte nemninga «det store hamskiftet» om dei økonomiske og kulturelle endringsprosessane i det norske bondesamfunnet på 1800-talet. Krokann ønskte å vise korleis bondesamfunna vart meir integrerte i storsamfunnet, og dette har seinare vore eit sentralt tema i norsk historieforsking og historiedebatt.

Inge Krokann skreiv på nynorsk med sterkt innslag av oppdalsdialekt.

Bakgrunn

Gunnvor og Inge Krokann. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Inge Krokann
Av /NTB ※.

Krokann voks opp på den vesle garden Krokom i Oppdal. Han tok lærarskuleeksamen på Volda i 1915 og fekk post i barneskulen på Rennebu. Vinteren 1917/1918 hadde han permisjon og gjekk på Askov folkehøgskule i Danmark. Seinare tok han eit «høgskulekurs» på Volda, for deretter å bli lærar ved Skogn folkehøgskule i 1920–1923.

Han var oppteken av målsak (kampen for nynorsk skriftspråk og norske dialektar) og skreiv fleire artiklar om dette. Han vurderte ei tid å bli prest, men var fylt av tvil, om ikkje til trua, så til valet mellom dei ulike retningane innan teologien.

I unge år fekk han tuberkulose i ei hofte og låg lenge på sjukehus. Seinare vart han ei tid bunde til rullestol, og han vart aldri fullt førleg igjen.

Som forfattar fekk Krokann fleire reisestipend og gjennomførte reiser til mange land i Europa og Afrika. I 1937–1938 var han lærer ved Den nordiske folkehøgskulen på Frederiksberg i Danmark.

Forfattarskapen

Romanrekkja om seinmellomalderen

Medan Inge Krokann enno var lenkja til sjukesenga, fekk han ideen om å skrive ei bok om sambygdingen Ingebrigt Haldorsen Sæther, som hadde vore stortingsrepresentant og talt saka til bøndene. Sannsynlegvis var det dette forskingsarbeidet som vekte lysta i han til å byrje på det skjønnlitterære storverket om bøndene i sein mellomalder.

Krokann debuterte som forfattar i 1929 med I Dovre-sno, som blei den fyrste boka i den historiske romanrekkja. Her skildrar han sine eigne forgjengarar i Lo-ætta (slekta til mora). Historia startar i 1476, og Noreg er under framandt styre. Vi les om ynsket om nasjonalt sjølvstende, om mot og resignasjon. Enno er restar av den gamle gudetroen levande i Oppdal parallelt med kristendomen. Her finst fascinerande parapsykologiske og mytiske element og sekvensar der forfattaren lèt dei litterære skikkelsane umedvite bruke det dei har av tankar og bilete, segn og gamle slektshistorier til å fatte og forme sine liv og omgjevnader.

Verket held fram med Gjennom fonna i 1931, På linfeksing i 1934 og Under himmelteiknet i 1941. Gravlagt av lynet frå 1952 er oppfatta som ein epilog til storverket.

Krokann hadde vanskar med å få ut den fyrste boka. Mykje kom av språket, at han gjennomgåande brukte han for mange vanskeleg tilgjengelege oppdalsdialekten, full av lokale uttrykk og dativformer. Men han hadde støttespelarar i mellom anna Olav Aukrust.

Verket har blitt ståande i norsk litteraturhistorie som likestilt i litterær tyngd med Aukrusts dikt og Olav Duuns episke romanar. Bøndene står i sentrum, i ei dramatisk tid med grådige futar, med prestar og etter kvart lensmenn av ymse slag, med overtru og heksebrenning, misunning og intrigar, med konfliktar mellom fattig og rik. Og forfattaren gjer tydeleg utviklinga for bonden frå å vere del av ætta, med forpliktingane til fortida og namnet, til å stå fram som individ.

Blodrøter (1936)

Inge Krokann skreiv òg enkelte samtidsbøker. I Blodrøter frå 1936 tek han utgangspunkt i ei historie frå verkelegheita, der ein Mikal Hetle og sonen Ole kanskje var offer for justismord (feilaktig dømt) etter påstandar om at dei skulle ha myrda ein nabo.

Ut av skuggen (1949)

I Ut av skuggen frå 1949 er det stemninga i bygd-Noreg etter den tyske okkupasjonen som er grunnlag for forteljinga. Lokalsamfunnet står tilbake i freden med skilja som krigen skapte: Nokon var motstandsfolk, andre støtta fienden aktivt, andre igjen var «stripete». Samstundes er det ei bok om modernisering av landbruket.

Hammarslaga (1959)

Krokanns siste roman skulle bli Hammarslaga, ein samtidsroman frå heimbygda. Vi er ved byrjinga av 1900-talet. Det er økonomisk ei vanskeleg tid for fjellbøndene, og mange reiser til Amerika. Slik blir lokalsamfunnet tappa for delar av den dristigaste og mest evnerike ungdomen. Sentralt i skildringa er overgangen i datida frå varebyte til pengeøkonomi på bygdene. Landshandlarane dukkar opp, i konkurranse med «skreppekarane», som i uminnelege tider hadde vandra frå grend til grend med varene sine. Og det blir stifta handelslag. I denne boka får handelslaget ein udugeleg styrar; bøndene er ikkje vant til dette nye og er lette å lure.

Dikt

Krokann skreiv òg dikt. I 1947 gav han ut både ei samling songar for barn og eit utval av dikt for vaksne. Dikt rommar hyllingsvers til heimbygda, minnedikt over andre, som Olav Aukrust og Roald Amundsen. Eitt dikt er knytt til Edvard Munchs aulamåleri Historien. Andre er knytt til krigserfaringane, som får uttrykket sitt gjennom det siste verset i Mai 1945:

«Menneskje – av anda glødd,/ut or inste æve fødd,/livsens eine strålereine/guddomslogne, som åleine/gjennom lidings blodga spor/lyfte kan vår sulka jord».

Historiske artiklar

Inge Krokann skreiv historiske artiklar i tillegg til boka Då bøndene reiste seg. Ein av førarane: Ingebrigt Sæther (1937). Mest kjent er kanskje bidraget til Norsk Kulturhistorie (1942), Det store hamskiftet i bondesamfunnet, der han gjer tydeleg samspelet mellom den sosialøkonomiske og den åndeleg-kulturelle utviklinga i tida, då pengeøkonomi tek over for varebyte i bygd-Noreg.

Verv

Krokann var ein ettertrakta føredragshaldar og respektert debattant. Han var ein aktiv medlem av Den norske Forfatterforening, mellom anna som medlem av foreiningas Litterære råd frå 1938. Han var styremedlem i ei rekkje kulturorganisasjonar og sat i skulestyre og kommunestyre i Østre Gausdal, der han var busett.

Utgjevingar

  • Romaner

  • I Dovre-sno, 1929
  • Gjennom fonna, 1931
  • På linfeksing, 1934
  • Blodrøter, 1936
  • Under himmelteiknet, 1941
  • Ut av skuggen, 1949
  • Gravlagt av lynet, 1952
  • Hammarslaga, 1959
  • Annet

  • Olav Aukrust. Eit folkeskrift, 1933
  • Då bøndene reiste seg. Ein av førarane: Ingebrigt Sæther, 1937
  • Det store hamskifte i bondesamfunnet, bd. 5 av Norsk Kulturhistorie,1942 (utg. separat 1976)
  • Dikt, 1947

Portretter med mer

  • Kunstneriske portretter

  • Maleri (halvfigur) av Halvard Blekastad, 1943; p.e
  • Maleri av Agnes Hiorth, ca. 1950; p.e
  • Tegning av Dagfin Werenskiold, 1940; p.e
  • Tegning av Eyolf Nagell Erichsen, 1941; p.e
  • Tegning av Anne Raknes, u.å.; p.e
  • Statue av Sivert Donali, 1971; Oppdal sentrum

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bjørkum, Ragna Myrstad & Ingeborg Donali, red.: Augo ser så mangt : av og om Inge Krokann, 1993
  • Brekke, Toril: Inge Krokann i Norsk biografisk leksikon, 2. utgave.
  • Dalgard, Olav: Inge Krokann : liv og dikting, 1970
  • Nilsen, Helge Normann: Tinder og avgrunner : hovedlinjer i Inge Krokanns forfatterskap, [2007]

Faktaboks

Inge Krokann
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036825000128

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg