Det er også slik at Torvund heile tida skriv i høve til ein internasjonal lyrikktradisjon som han kjenner godt, samstundes som det skjer endringar i norsk lyrikk som gjer at dikta frå slutten av 1970-talet og dei frå etter tusenårsskiftet så å seie skriv seg inn i ulike tradisjonar. Slik kan ein peike på utvikling og endring i forfattarskapen, der dei mange samlingane – åtte i alt – gjennom 1980-talet, nærast er ein føresetnad for det som kjem seinare og på mange måtar er høgdepunkta i alt han har skrive.
Ein kritikar har sagt at Torvunds seinare dikting har lagt bak seg den lågmælte og knappe stilen i tidlege samlingar og er blitt avløyst av «fyldige dikt og overdådig song». Samstundes er eit kritisk og politisk medvit blitt meir og meir synleg. Aller klårast ser vi det i samlinga Kitty K. (2000) der den politiske leiinga i Noreg, med namns nemning, får beinhard kritikk for å vere med i krigen på Balkan. Diktaren må finne trøyst i bileta til Kitty Kielland som er måla frå det landskapet diktaren sjølv lever og bur i:
Mål på, Kitty K.!
Det trengst mykje himmel.
Mange mjuke ikonar.
Det trengst
enorme mengder
himmel over myra.
Etter år 2000 er det dei fire samlingane Alt er høy (2007), Alabama? (2011), Alt brenner (2016) og Tidslys (2018) som fortener merksemd, ved sida av ei samling som viser kor sentralt kjærleikslyrikken står i Torvunds dikting – utvalde dikt i Skal me leggje ein vedstabel saman? Mine beste kjærleiksdikt (2014). Etter eit langt liv i teneste hos orda er det nesten eineståande at dei siste samlingane skil seg ut som det beste Torvund har prestert.
Kommentarar (1)
skreiv Dyre Vaa
Det bør legges til at Torvund mottok Herman Wildenveys poesipris i 2016
Mvh
Dyre Vaa
jurymedlem
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.