Snorres Edda er ei lærebok i skaldskap frå omkring år 1220, som blir tilskriven Snorre Sturlason. Snorres Edda blir også kalla Den yngre Edda for å skilje boka frå Den eldre Edda, som er ei norrøn dikt- og segnsamling med ukjend forfattar. Snorres Edda er ei hovudkjelde til kunnskap om norrøn mytologi og metrikk (verselære).
Snorres Edda er overlevert meir eller mindre fullstendig i ei rekkje handskrifter. I det eldste av desse, Codex Upsaliensis, som sidan rundt 1300 er oppbevart i Uppsala, er boka kalla Edda og tilskriven Snorre.
Inndeling
Verket er ei hovudkjelde til kunnskap om norrøn mytologi og metrikk. Dialogforma er særleg tydeleg i dei to første delane av boka. Dialogform var vanleg i filosofiske og pedagogiske skrifter både i antikken og mellomalderen. Boka består av ein prolog og tre hovuddelar:
Gylvaginning
Gylvaginning (norrønt Gylfaginning, «Gylves synsbedrag») er ei samla framstilling av den norrøne gudelæra, med meisterleg attforteljing av ein stor del av dei gamle norrøne mytane, mellom anna Tors reise til Utgard, Tors fiske, Balders død og ragnarok. Ein konge, Gylve, synest han får høyre forteljingane av tre guddommelege personar i eit synsbedrag. Ved å presentere stoffet på denne måten unngår Snorre å gi inntrykk av at innhaldet er historisk sanning, og kan ikkje skuldast for kjetteri.
Viktige kjelder for Snorres framstilling er eldre kvad, som enno delvis er bevarte mellom anna i Den eldre Edda. Mytane i Gylvaginning var nødvendig bakgrunnskunnskap for skaldane når dei skulle lage sine poetiske omskrivingar (kenningar).
Skaldskaparmål
Skaldskaparmål (norrønt Skáldskaparmál, «språkbruk i skaldskap») viser korleis ein skulle lage kenningar til omskriving av ei lang rekkje omgrep ved hjelp av mytiske og segnhistoriske kunnskapar, og det blir sitert ei mengd strofer av eldre skaldar med døme.
Håttatal
Håttatal (norrønt Háttatal, «opprekninga av versemål») er ei avhandling om norrøn metrikk, som samstundes inneheld 102 strofer dikta av Snorre. Desse strofene er prøver på dei ulike versemåla og utgjer til saman eit stort dikt til ære for den norske kongen Håkon Håkonsson og jarlen hans, Skule Bårdsson.
Ordet Edda
Det er fleire teoriar om kva namnet Edda tyder. I norrønt kan edda tyde «oldemor», og namnet kan difor spele på at boka inneheld stoff «frå oldemors tid». Ein annan teori går ut på at ordet kan vere avleidd av Oddi, garden til Snorre Sturlason, og difor tyder «frå Oddi». Ein tredje teori er at namnet er avleidd av latin edo, «eg skriv, fortel», på same måte som credo, «truvedkjenning», finst i den norrøne forma kredda.
Omsetjingar og nyare utgivingar
Av Snorres Edda finst mange omsetjingar til nyare språk, mellom anna av Anne Holtsmark til bokmål og av Erik Eggen til nynorsk. Dei norske omsetjingane inneheld oftast Gylvaginning og prosaforteljingane frå Skaldskaparmål, medan meir tekniske skildringar av skaldskapen er utelaten. I nyare tid er heile verket omsett til svensk av Karl G. Johansson og Mats Malm (1999), og til engelsk av Anthony Faulkes (andre utgåve, 2005).