Hopp til innhald

Wikipedia:Presse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Presse

float
float

For an overview of press contacts see below. For an English introduction, see en.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Press.

Wikipedia er eit oppslagsverk, eller eit leksikon, som blir skrive av friviljuge bidragsytarar på Internett og blir utgjeve under den opne lisensen Creative Commons Namngjeving/Del på same vilkåra 4.0, noko som sikrar at innhaldet kan brukast fritt. Det unike med Wikipedia er at kven som helst når som helst kan endra kva som helst side. Nokre administratorar hjelper til å halda orden.

Prosjektet starta i 2001 og finst på over 300 språk, som per 2025 har over 65 millionar artiklar til saman. Dei største utgåvene er den engelske og tyske, som begge er større enn til dømes Encyclopædia Britannica eller Store Norske Leksikon. Sett som eit heile er Wikipedia verdas største leksikon.

Den nynorske utgåva (nn.wikipedia.org) har frå sommaren 2004 vokse fra 0 artiklar til 181 350 i dag, og har fleire tusen registrerte bidragsytarar.

Wikipedia blir drive av den ideelle stiftinga Wikimedia Foundation, basert i California i USA.

For pressekontaktar på Wikipedia på bokmål, sjå no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Presse.

Litt informasjon

Snarvegar:
WP:P

Kontakt

For spørsmål og intervju kan du venda deg til ein av dei norske pressekontaktane våre, eller til støtteorganisasjonen Wikimedia Noreg. Dei norske kontaktane tek imot spørsmål på norsk eller engelsk, eller dei språka som er nemnde på brukarsidene deira.

Pressekontaktar for Nynorsk Wikipedia

Wikimedia Noreg

Wikimedia Noreg
Postboks 183 Sentrum
0102 Oslo

https://wikimedia.no/
Tlf: 48 92 48 92
E-post: post@wikimedia.no

Wikimedia Foundation

Wikimedia Foundation
1 Sansome Street
Suite 1895
San Francisco, California 94104
USA

https://wikimediafoundation.org/
Tlf: +1-415-839-6885
E-post: press@wikimedia.org