Hopp til innhald

Grasslette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tropiske grassletter)
Den eurasiske steppa i Indre Mongolia
Savanne nær Dindéresso i Burkina Faso.

Grasslette er opne, flate område med ulike grasslag som den viktigaste veksttypen. Det finst naturlege grassletter på alle kontinenta bortsett frå Antarktis, og i dei fleste økoregionane i verda.[1] Nokre døme på slike område er prærie i Nord-Amerika og savanne i Afrika.

Ein reknar ofte med at grassletter oppstår og blir haldne ved like av dyr som forflyttar seg eller beitar på dei, eller av eld.[2][3] Nokre døme på dette er migrerande flokkar av antiloper som trampar ned vegetasjon og savanneelefantar som et unge akasieplantar før dei kan veksa seg til større tre.

  1. ↑ «The grassland biome» (på engelsk). University of California Museum of Paleontology. Henta 9. april 2012.
  2. ↑ Wilma Keppel. «How can grazing heal land?» (på engelsk). Managingwholes.com. Henta 9. april 2012.{{cite web}}: CS1 maint: deprecated archival service (link) Arkivert 2017-11-09 ved Wayback Machine.
  3. ↑ A. Watkinson; S. Ormerod (2001). «Grasslands, grazing and biodiversity: editors' introduction» (PDF) (på engelsk). Journal of Applied Ecology. Arkivert frå originalen (PDF) 1. mars 2006. Henta 9. april 2012.