Trans-Canada Highway
| Trans-Canada Highway | |||
| veg | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Trans-Canada Highway 48°34′10″N 88°50′06″W / 48.569313888889°N 88.834928888889°W | |||
| Wikimedia Commons: Trans-Canada Highway | |||
Trans-Canada Highway (fransk Route Transcanadienne) er eit transkontinentalt hovudvegsystem som er delvis statleg finansiert og delvis finansiert av dei respektive provinsane i Canada. Det går gjennom alle dei ti provinsane i Canada mellom stillehavskysten og atlanterhavskysten. Saman med den transsibirske hovudvegen og Highway 1 i Australia er han ein av dei lengste nasjonale hovudvegane i verda, der hovudruta er 7 821 km.[1] Vegsystemet blei godkjent med Trans-Canada Highway Act i 1949, og bygginga byrja i 1950. Hovudvegen opna offisielt i 1962, og stod ferdig i 1971.[2] Hovudvegsystemet er kjenneteikna av vegskilt med eit kvitt lønneblad på grøn bakgrunn.

Gjennom det meste av Canada er det minst to trasear som begge er ein del av Trans-Canada Highway (TCH). I dei vestlege provinsane er til dømes både hovudtraseen til Trans-Canada og Yellowhead Highway ein del av Trans-Canada-systemet. Sjølv om TCH ikkje går innom nokre av dei tre nordlege territoria i Canada, dannar Trans-Canada Highway delar av det totale nasjonale hovudvegsystemet i Canada, som har samband til Nordvestterritoria, Yukon og den internasjonale grensa mellom Canada og USA, der det er vegsamband over til USA.[3]
I 2012 blei det installert ei rekkje gratis ladestasjonar for elbilar langs hovudtraseen av eit firma kalla Sun Country Highway, noko som gjer det mogleg å køyra heile strekninga med elbil. Per 2012 var dette dermed den lengste hovudvegen i verda som var klargjort for elbil.[4][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Trans-Canada Highway: Bridging the Distance». Henta 11. februar 2015.
- ↑ «The Trans-Canada Highway: Backgrounder». Henta 11. februar 2015.
- ↑ «National Highway System» (PDF). Transport Canada. Henta 11. februar 2015.
- ↑ Caulfield, Jane. (2012-12-11) Electrifying trip along the Trans-Canada Highway pit stops in Saskatchewan | Metro Arkivert 16. desember 2013 på Wayback Machine.. Metronews.ca. Retrieved on 2015-02-11.
- ↑ World's Longest Greenest Highway Project - Sun Country Highway Arkivert 22. mars 2014 på Wayback Machine.. Suncountryhighway.ca. Retrieved on 2015-02-11.
- Denne artikkelen bygger på «Trans-Canada Highway» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2025.

