Hopp til innhald

Salford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salford
by
Land  England
Region Stor-Manchester
Distrikt City of Salford
Areal 20,97 km²
Folketal 103 886 (2011)[1]
Postnummer M3, M5–M7, M50
Retningsnummer 0161
Kart
Salford
53°28′58″N 2°17′35″W / 53.482777777778°N 2.2930555555556°W / 53.482777777778; -2.2930555555556
Wikimedia Commons: Salford

Salford er ein by i det nordvestlege England. Han utgjer kjernen i det urbane distriktet City of Salford i grevskapet Stor-Manchester. Byen ligg vest for Manchester, skilt frå storbyen av elva Irwell, og blir rekna som ein av forstadane til Manchester.

Namnet Salford kjem frå angelsaksisk seahlford, «vadestaden med piletre», ein referanse til piletrea som veks langs breidda av Irwell og ein gammal vadestad der byen ligg. Våpna til byen reflekterer dette, med tre bua blå linjer, som representerer vadestaden i elva, omkransa av blad frå piletre.

Det mellomalderske sentrumet låg ved elva, på andre sida av elva for Manchester. Under den industrielle revolusjonen voks byen, og var ein av dei første industrielle sentera i landet. I viktoriansk tid vart sentrum flytta, og etterkvart som Manchester vart ein stadig større og viktigare by mista Salford tydinga si.

I 1960- og 1970-åra vart mykje av byen fornya, med betongblokker som erstatta dei tradisjonelle terrassehusa. I dei siste åra av 1900-talet byrja ein å endre dette tilbake, men blokkene er enno eit markant innslag i byen.

Kultur og idrett

[endre | endre wikiteksten]

Salford er ein av dei få større byane i Storbritannia som ikkje har sitt eige profesjonelle fotballag. Det næraste laget er Manchester United FC, og dei fleste støttar dette laget, men mange er òg fans av Manchester City FC. Old Trafford Football Ground ligg òg i Salford.

Det katolske Salford bispedømme har sete i byen.

  1. http://www.citypopulation.de/UK-Cities.html. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Salford