Saint Louis
| St. Louis | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Missouri | ||
| Areal | 171,02625 km² | ||
| Folketal | 301 578 (1. april 2020)[1][2] | ||
| Tidssone | -6 | ||
![]() Saint Louis 38°37′35″N 90°11′58″W / 38.626388888889°N 90.199444444444°W | |||
| Wikimedia Commons: St. Louis, Missouri | |||
Saint Louis er ein by i delstaten Missouri i det sentrale USA. Bykommunen Saint Louis omfattar eit landareal på 160,4 km², med i kring 300 000 ibuarar.
Byen Saint Louis ligg lengst aust i delstaten ved Mississippielva, like sør for åmotet mellom sideelva Missouri og hovudelva. Elva Mississippi er også grenseelv mot delstaten Illinois, og området på begge sider av elva dannar metropolen Greater Saint Louis, det 19. største byområdet i USA med eit folketal på om lag 2,9 millionar.
Saint Louis vart grunnlagt i 1764 av franske pelshandlarar. Byen voks mykje på 1800-talet, og var seint i 1800-åra den fjerde største byen i USA. I 1904 vart både ei såkalla verdsutstilling avvikla i byen og dei tredje olympiske sommarleikane. Folketalet voks til 1950, sidan har byen vore i ein langvarig, svak nedgang. Økonomien er basert på tenesteytande næringar, handel, godstransport, industri og turisme.
Musikaren Chuck Berry var frå Saint Louis.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Explore Census Data – St. Louis city, Missouri». United States Census Bureau. Henta 22. desember 2021.
- ↑ United States Census Bureau (red.). «folketeljinga i USA 2020». Henta 1. januar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «St. Louis» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2014.
