Papirmasse



Papirmasse er råstoffet som vert nytta ved industriell produksjon av papir. Hovudsakleg vert papirmasse framstilt av trevirke, som i denne samanhengen vert kalla massevirke. Veden i lauvtre og bartre er hovudsakleg samansett av cellulosefiber som vert halde i hop av lignin, og papirmasse er frie cellulose-fibrar utblanda i vatn. Fibrane har slike eigenskapar at dei kan danne hydrogenbindingar, og med det verte til papir. I Noreg er det mest gran som vert nytta til papirmasse. Fibrar til papirmasse kan òg utvinnast av ferdiglaga papir som vert reinska for trykksverte og anna, altså ved å resirkulere avfallspapir. For å få særs kvitt papir vert massen ofte bleikt kjemisk.
Til finare papirkvalitetar, som til dømes papir til pengesetlar, vert dessutan ofte fibrar av bomull eller lin frå utbrukte klede og anna avfallstekstil nytta. Handteringa av slikt råstoff skil seg mykje frå korleis papirmasse elles vert produsert.
Papirmassen kan verte produsert i særskilde tresliperi eller cellulosefabrikkar, tørka og send til papirfabrikkar i ballar for der å verte blanda med vatn og naudsynte tilsetjingar og køyrd gjennom papirmaskina. Eller massen kan verte pumpa beinveges over til papirfabrikken som blaut masse.
Det finst fleire typar papirmasse laga på ulikt vis. Mekaniske massar, som ofte vert kalla tremassar og nytta til framstilling av papir til aviser, blad, magasin og liknande, vert framstilte ved at fibrane i veden vert frigjorde ved at trestokkane (utan bork og bast) vert slipte til småflis mot slipeskiver som roterer med høg fart, og vatn vert tilsett. Ligninet i treverket hindrar fibrane i å svelle under produksjonen av papiret, så papiret vert etter måten svakt og stivt. På grunn av ligninet i papiret gulnar papiret lett i solljos eller dagsljos.
Ved å varme opp flisa vert celleveggene i veden mjuke, og fibrane frigjerast med mindre lignin og i auka lengd, såkalla termomekanisk masse. Kjemisk-mekanisk masse får ein ved at flisa vert sett inn med ei blanding av natriumsulfitt og lut før oppmalinga. Dette gjev høgare styrke på papiret, og vert nytta til papir til tapet, mjølkekartongar og slikt. Halvkjemiske papirmassar lagast ved å koke flis av lauvtre under trykk ved 180 °C i ca. 15 min i ei sulfittoppløysning. Kjemisk masse, som gjerne vert kalla cellulose, vert laga ved å koke massevirke i eit bad av kjemikaliar, slik at størsteparten av ligninet vert fjerna, medan fibrane held seg stort sett uskadde.