Luktelk
| «Luktelk» Song av Silvester Belt | ||
| Land | Litauen | |
| Språk | Litauisk | |
| Utgjeve | 11. januar 2024 | |
| Sjanger | Pop, elektronisk[1] | |
| Lengd | 02:41 | |
| Selskap | OpenPlay | |
| Komponist | Jessica Shy, Silvester Belt | |
| Tekstforfattar | Jessica Shy, Silvester Belt | |
| Låtskrivar(ar) | Džesika Šyvokaitė, Elena Jurgaitytė, Silvestras Beltė | |
|---|---|---|
«Luktelk» (norsk omsetjing ‘vent’) er ein song med den litauiske artisten Silvester Belt. Songen blei gjeven ut 11. januar 2024, men blei fyrste gong framført 13. januar 2024 under songtevlinga Eurovizija.LT. Songen vann tevlinga og var det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[2]
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Luktelk» er ein litauiskspråkleg elektropoplåt som er skriven av {Silvester Belt, saman med Džesika Šyvokaitė og Elena Jurgaitytė, og produsert av Karolis Labanauskas og Linas Strockis.[3] I eit intervju snakka Beltė om korleis låten blei til: «vi sette oss ned for å skrive, og ideen kom opp om at det ville vore interessant å prøve oss på Eurovision-scena, så vi bestemte oss for å skrive ein song berre for dette eventyret».[4]
«Luktelk» har blitt skildra som en poplåt med element av elektronisk musikk og er inspirert av dei tidlegare litauiske Eurovision-bidraga «Sentimentai» og «Stay», som har tekst på litauisk.[4][5] Beltė avslørte at teksten var skriven med «hensikt at konsonantane skulle likne andre ord på andre språk», slik at songen var «enklare og meir forståeleg for utlendingar».[6]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]I desember 2023 kunngjorde den litauiske ålmennkringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT) at «Luktelk» var blant bidraga i songtevlinga Eurovizija.LT 2024.[7] Vinnaren av Eurovizija.LT 2024 fekk representere Litauen i Eurovision Song Contest 2024.
«Luktelk» deltok i den fyrste delfinalen 13. januar 2024 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 17. februar 2024.[8] I finalen gjekk songen vidare til superfinalen og vann til slutt heile tevlinga, etter å ha fått flest sjåarrøyster.[9] Gjennom sigeren blei «Luktelk» det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024.[10]
Litauen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö. Der blei «Luktelk» nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[11][12][13] I finalen kom låten på 14. plass med 90 poeng.[14][15]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]| Liste (2024) | Høgaste plassering |
|---|---|
| Hellas Internasjonal (IFPI)[16] | 32 |
| Latvia (LAIPA)[17] | 10 |
| Litauen (AGATA)[18] | 1 |
| Sverige (Sverigetopplistan)[19] | 83 |
| UK Indie Breakers (OCC)[20] | 20 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Lithuania picks Silvester Belt to go to Eurovision». lrt.lt. Lithuanian National Radio and Television. 2024-02-18. Arkivert frå originalen den 17. februar 2024. Henta 2024-02-18.
- ↑ «Lithuania picks Silvester Belt to go to Eurovision». lrt.lt. LRT. 2024-02-18. Henta 2024-02-18.
- ↑ «Luktelk - song and lyrics by Silvester Belt». Spotify. Henta 2024-02-18.
- 1 2 «Dainininkas Silvester Belt pristato eurovizinį kūrinį „Luktelk": prisidėjo ir populiarioji Jessica Shy» [Singer Silvester Belt presents the Eurovision song "Luktelk": the popular Jessica Shy also contributed]. lrt.lt (på litauisk). LRT. 2024-01-12. Henta 2024-02-20.
- ↑ «Į „Euroviziją" Lietuva siunčia Silvester Belt» [Lithuania sends Silvester Belt to Eurovision]. lrt.lt (på litauisk). LRT. 2024-02-17. Henta 2024-02-20.
- ↑ «Lietuvos atstovas „Eurovizijoje" Silvester Belt – apie nepasitikėjimą savimi ir motyvuojantį žmonių palaikymą» [Lithuania's Eurovision representative Silvester Belt - about self-doubt and motivating people's support]. lrt.lt (på litauisk). LRT. 2024-02-19. Henta 2024-02-20.
- ↑ «Lithuania 2024: 'EUROVIZIJA.LT' participants and details released». eurovision.tv. European Broadcasting Union. 2023-12-19. Henta 2024-02-18.
- ↑ Juršėnaitė, Eimantė (2024-01-13). «Du EUROVIZIJA.LTdalyviai jau užsitikrino vietą atrankos finale: vakaro favoritas – Silvester Belt» [Two EUROVIZIJA.LTparticipants have already secured a place in the selection final: the favourite of the evening – Silvester Belt]. lrt.lt (på litauisk). LRT. Henta 2024-02-19.
- ↑ Conte, Davide (2024-02-17). «Lithuania: Silvester Belt to Eurovision 2024». Eurovoix News. Henta 2024-02-18.
- ↑ «Congratulations Silvester: From Lithuania's 'Eurovizija.LT' to Eurovision». eurovision.tv. European Broadcasting Union. 2023-12-19. Henta 2024-02-17.
- ↑ «Eurovision 2024: Semi-Final Draw results». Eurovision Song Contest (på engelsk). European Broadcasting Union. 30. januar 2024. Arkivert frå originalen den 30 January 2024. Henta 20. februar 2024.
- ↑ «Lietuvos atstovas Silvester Belt – "Eurovizijos" finale» [Lithuanian representative Silvester Belt - in the Eurovision final]. Lrytas.lt. 7 May 2024. Arkivert frå originalen den 12. mai 2024. Henta 15. mai 2024.
- ↑ Vautrey, Jonathan (12 May 2024). «Eurovision 2024 semi-finals: Detailed results show Croatia and Israel won each show». Wiwibloggs (på amerikansk engelsk). Arkivert frå originalen den 14. mai 2024. Henta 12. mai 2024.
- ↑ «Lithuania's Silvester Belt finishes 14th in Eurovision». Lithuanian National Radio and Television (på engelsk). 11. mai 2024. Henta 15. mai 2024.
- ↑ «Grand Final of Malmö 2024 - Lithuania Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen den 15. mai 2024. Henta 15. mai 2024.
- ↑ «OfficialIFPI Charts − Digital Singles Chart (International) − Εβδομάδα: 20/2024» (på gresk). IFPI Greece. Arkivert frå originalen den 22. mai 2024. Henta 22. mai 2024.
- ↑ «Straumēšanas TOP 2024 – 20. nedēļa» [Streaming TOP 2024 – Week 20] (på latvisk). LAIPA. 20. mai 2024. Henta 13. juni 2024.
- ↑ «2024 4-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» [2024 4th week's most listened to (TOP 100)]. AGATA (på litauisk). 2024-01-26. Henta 2024-02-18.
- ↑ «VeckolistaSinglar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 17. mai 2024.
- ↑ «OfficialIndependent Singles Breakers Chart Top 100». Official Charts Company. Henta 18. mai 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Luktelk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. desember 2024.