Loch Morar
| Loch Morar | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Tilsig | River Moeble | ||
| Utløp | River Morar | ||
| Nedslagsfelt | 168 km² | ||
| Opphaldstid | 6,87 år | ||
| Høgd over havet | 10 moh. | ||
| Lengd | 19 km | ||
| Areal | 26,7 km² | ||
| Middeldjupn | 86,6 m | ||
| Største djupn | 310 m | ||
| Volum | 2,3 km³ | ||
| Koordinatar | 56°56′30″N 5°40′21″W / 56.94167°N 5.67250°W | ||
| Øyar | 5 | ||
![]() Loch Morar 56°57′00″N 5°40′20″W / 56.95°N 5.6722222222222°W | |||
| Wikimedia Commons: Loch Morar | |||
Loch Morar (skotsk-gælisk Loch Mhòrair) er ein innsjø i Morar i Lochaber i Highland i Skottland. Han er den femte største innsjøen i Skottland, med eit overflateareal på 26,7 km², og han er den djupaste innsjøen på Dei britiske øyane med ei største djupne på 310 m.[1]
Loch Morar er skapt av isbrear og sidene rundt innsjøen er bratte fjellsider. Innsjøen er 19 km lang og det ligg fem større øyar i han.
Sjølv om vegen langs innsjøen ikkje strekkjer seg meir enn nokre kilometer langs nordsida, var begge sidene av innsjøen busette til ut på tidleg på 1900-talet.
Som med Loch Ness er det rapportert om uidentifiserte skapningar i innsjøen. Monsteret vart kalla Morag av dei lokale.[2]
Loch Morar var ein gong kjend som eit godt laks- og aurevatn, men som med dei fleste andre ferskvassystem nordvest i Skottland, er fisken nesten borte på grunn av lakselus frå lakseoppdrettsanlegga i området.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Loch Morar» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Gazetteer for Scotland Morar, Loch
- ↑ Campbell, Elizabeth Montgomery & David Solomon, The Search for Morag (Tom Stacey 1972) ISBN 085468 093 4
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gazetteer for Scotland Morar, Loch
- Kart over Loch Morar
