Hopp til innhald

Letaldose 50

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Letaldose 50 eller LD50 er den dosen av toksin, stråling eller patogen som trengst for å drepe halvparten av individa i ein populasjon over ei bestemd tid.[1][2] Dosen er uttrykt i milligram, gram eller milliliter per kg kroppsvekt.[3] LD50 vert nytta som ein generell indikator for den akutte forgiftinga til eit stoff. Omgrepet semiletal dose er stundom nytta, men kan òg visa til ein subletal (ikkje-dødeleg) dose; bruken er frårådd som følgje av dette. Ein plar å finne LD50 gjennom forsøk på dyr og laboratoriemus. I 2011 godkjente Food and Drug Administration bruken av alternative metodar for å finne LD50 ved BOTOX-forsøk i dyr. I desember 2002 vedtok OECD å slette LD50-metoden, og forsøk som nyttar metoden vart ikkje lenger innvilga etter desember 2003. I Noreg må ein senda særskilt søknad til Forsøksdyrutvalet for å gjere LD50-forsøk på dyr.[4] Testen vart laga av J. W. Trevan i 1927.[5]

  • LD50 — «letaldose i 50% av dei eksponerte»
  • LC50 — «letal konsentrasjon, 50%»
  • LCt50 — «letal konsentrasjon og tid, 50%»
  1. ↑ «LD50». Institutt for biotvitenskap. Universitetet i Oslo. 04. februar 2011. Henta 24. november 2014. {{cite news}}: Check date values in: |date= (hjelp)
  2. ↑ «LD50». Store Medisinske Leksikon. Store Norske Leksikon. 13. februar 2009. Henta 24. november 2014.
  3. ↑ «Forgiftning». Store Medisinske Leksikon. Store Norske Leksikon. 13. februar 2009. Henta 24. november 2014.
  4. ↑ «Utfasing av LD50». Forsøksdyrutvalet. Mattilsynet. 26. august 2003. Arkivert frå originalen 18. desember 2014. Henta 24. november 2014. {{cite news}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  5. ↑ «What is a LD50 and LC50?». Canadian Centre for Occupational Health and Safety. Canadian Centre for Occupational Health and Safety. 28. august 2013. Henta 24. november 2014.