Let 3
| Let 3 | |||
| | |||
| Aktiv | 1987– | ||
|---|---|---|---|
| Sjanger | alternativ rock, shock rock | ||
| Prisar | Croatian Theatre Award for Best Theatre Music, Cesarica Award | ||
Let 3 (kroatisk for ‘flyging 3’) er eit rockeband frå Rijeka i Kroatia, etablert i 1987. Frontfigurane i bandet er Damir «Mrle» Martinović og Zoran «Prlja» Prodanović. Bandet er populært i Kroatia og i fleire andre av dei tidlegare jugoslaviske landa. Populariteten skuldast i stor grad av rockestilen til bandet og dei sjokkerande og provokative framsyningar deira, som ofte inneber mykje nakenskap.[1] Bandet vann i februar 2023 den kroatiske songtevlinga Dora og representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Mama ŠČ!».
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]
Let 3 har røter tilbake til slutten av 1970-åra, då rockemusikarane Damir Martinović (Mrle) og Zoran Prodanović (Prlja) spelte i kvart sitt rockeband. I februar 1986 slo dei seg saman og danna gruppa Let 2, før dei tidleg året etter etablerte etterfølgjaren Let 3 og gav ut EP-en Rijeka – Pariz –Texas.
Sidan i 1987 har Let 3 endra medlemmar ei rekkje gongar, og dei har gjort seg merka med ustyrlege framsyningar og sjokkerande og provokative tekster og utgjevingar. Bandet har skapt overskrifter og debatt i Kroatia og ellers på Balkan med seksualiserte tekster og konsertframsyningar der medlemmane opptrer nærast nakne.
I 1997 gav bandet ut albumet Nečuveno (‘opprørande’ eller ‘uhøyrd’), som blei distribuert som ein CD utan innhald.[2] Trass dette, blei det selt 350 eksemplar av albumet.[3] Det neste albumet, Jedina (‘den einaste’) frå 2000, blei fyrst gjeve ut i berre eit eksemplar som bandet nekta å distribuere eller selje. Til slutt vedtok plateselskapet å gje ut albumet i ein noko endra versjon. Dette gjorde at bandet i protest iscenesette ei falsk avnretting av seg sjølv på Ban Jelačić-plassen i Zagreb.[2][3] Sidan har bandet skapt ei rekkje andre kontroversar og overskrifter.
Den 9. desember 2022 blei Let 3 kunngjort som ein av deltakarane i Dora 2023, ei musikktevling som kårar det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023. Dei vann finalen laurdag 11. februar 2023 med songen «Mama ŠČ!» og fekk dermed representere Kroatia i Eurovision Song Contest i Liverpool.[4][5] Der enda de på 13. plass i finalen.[6]
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]Let 3 har hatt regelmessige endringar i besetninga si sidan etableringa i 1987. Per 2023 består bandet av:
- Damir Martinović (Mrle) – bass, lydeffekter, vokal
- Zoran Prodanović (Prlja) – vokal
- Ivan Bojčić (Bin) – trommer
- Dražen Baljak (Baljak) – gitar, mandolin
- Matej Zec (Knki) – gitar, støttevokal
Tidlegare bandmedlemmar:
[endre | endre wikiteksten]- Branko Kovačić (Husta) – trommer, slagverk
- Kornelije Đuras (Korni) – keyboard, sampling
- Ivan Šarar (Faf) – keyboard, programmering, sampling
- Ivica Dražić (Miki) – gitar, vokal
- Nenad Tubin – drums, vokal
- Igor Perović (Gigi) – gitar
- Zoran Klasić (Klas) – gitar, vokal
- Orijen Modrušan – gitar
- Alen Tibljaš – trommer
- Marko Bradaschia – trommer
- Dean Benzia – trommer
- Siniša Banović – trommer
- Ljubomir Silić – bass
- Raoul Varljen – keyboard
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- 1989: Two dogs fuckin'
- 1991: El Desperado
- 1994: Peace
- 1996: Živi kurac
- 1997: Nečuveno
- 2000: Jedina
- 2005: Bombardiranje Srbije i Čačka
- 2008: Živa Pičk
- 2013: Kurcem do vjere/Thank you lord
- 2016: Angela Merkel sere (Norsk: Angela Merkel-pissprat)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Peddie, Ian; Rajko Muršič. Popular Music and Human Rights; Vol. II. Ashgate Publishing. s. 102. ISBN 9780754668534. «The Croatian band Let 3, for example, is well known for provoking outrage, including by sometimes performing nude on stage.»
{{cite book}}:|verk=ignored (hjelp) - 1 2 Rowlands, Marc. «Let 3: 'I went to high-school in Bakar and we beat each other onto the school bus. It was great.'». TimeOut.
- 1 2 «LET 3: GLAZBENA AVANGARDA IZ RIJEKE; 'Mrle i ja smo ko guzica i gaće'». Nacional.hr.
- ↑ Percy, Lucy (2023-02-11). «Croatia: Let 3 win Dora 2023 and will sing "Mama SC!" at Eurovision». wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 2023-02-12.
- ↑ «Let3 win 'Dora' in Croatia». eurovision.tv (på engelsk). 2023-02-11. Henta 2023-02-12.
- ↑ «Let3». eurovision.tv (på engelsk). Henta 2023-05-18.
- Denne artikkelen bygger på «Let 3» frå Wikipedia på bokmål, den 12. desember 2023.