Leopard 2


Leopard 2 er ei tysk stridsvogn med 120 mm kanon, produsert av Krauss-Maffei Wegmann (KMW) i München og Maschinenbau Kiel (MAK) i Kiel i Tyskland. Ho er etterfølgjaren til Leopard 1.
I Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Leopard 2A4
Det norske kavaleriet opererte i 2005 52 Leopard 2A4 kjøpt inn brukt frå Nederland.[1] Dei norske vognene er utstyrte med maskingeværet FN MAG som sekundervæpning. Vogna vart produsert mellom 1985 og 1992, med forbetringar på eldleiiing og brannslokking. Eit betre pansra tårn med titan- og wolfram-legeringar kom òg på denne modellen, som vart teken i utstrekt bruk. Det er denne vogna som Noreg nyttar framleis. Prosjektoffiser for stridsvognsanskaffelsen ved Hærens våpenskole i Norge, Christoffer Westermoen, har sagt at Leopard-2A4 er underlegen den aktuelle russiske T-72B3 i rekkevidde, eldkraft, sensorar og vern.[2]
Andre modellar
[endre | endre wikiteksten]- Leopard 2A5
- Med vektsparande holt panser for å verka mot hólladning, betre siktemiddel og større utval ammunisjon for kanonen. Har ein 120 mm L44 glattbora kanon produsert av Rheinmetall GmbH.
- Leopard 2A6
- Ny 120 mm L55 glattbora kanon produsert av Rheinmetall GmbH.
- Leopard 2A7 og 2A7+
- Er godkjende av Bundeswehr med betre panser, men framleis under testing.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leopard 2» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2018.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Armorsite
- Army-Guide.com
- Foss, Christopher; Jane's AFV Recognition Handbook, Jane's, ISBN 0-7106-1043-2
- Soldf.com – om Stridvagn 122
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Fakta om Forsvaret». Forsvarsnett. Arkivert frå originalen 2007-06-30.
- ↑ Kjetil Stormark (25. september 2018). «Norske stridsvogner kanonføde for Russland». aldrimer.no. Henta 2018-09-27. «Prosjektoffiser for stridsvognsanskaffelsen ved Hærens våpenskole sier nå klart fra. Han reagerer sterkt på regjeringens prioriteringer. Stridsvognen T-72 kommer i en versjon som heter T-72B3. Den er overlegen i rekkevidde, ildkraft, sensorer, beskyttelse og antall. Norges nåværende stridsvogner, de tyskproduserte Leopard 2A4, er snart 40 år gamle.»
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |