Hopp til innhald

Kyle Alessandro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyle Alessandro

Fødd10. mars 2006 (20 år)
FødestadLevanger kommune
OpphavSpania, Noreg
Aktiv2017
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, musikar, låtskrivar, dansar

Kyle Alessandro Helgesen Villalobos (fødd 10. mars 2006) er ein norsk-spansk songar, låtskrivar og dansar frå Steinkjer. Han vann Melodi Grand Prix 2025 med låten «Lighter» og representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2025.

Alessandro blei fødd 10. mars 2006 i Levanger. Han er oppvaksen i Steinkjer og Trondheim. Alessandro har norsk mor og spansk far.[1]

Musikalsk virke

[endre | endre wikiteksten]

Norske Talenter

[endre | endre wikiteksten]

Kyle Alessandro var ti år gammal då han blei kjend som deltakar i Norske Talenter i 2017. På audition til programmet song han Beyoncé sin låt «Halo».[2]

Melodi Grand Prix

[endre | endre wikiteksten]

I 2023 deltok Alessandro for fyrste gong i Melodi Grand Prix med gruppa Umami Tsunami; dei framførte songen «Geronimo». Forutan Kyle Alessandro bestod bandet av Kristian Haugstøyl og Magnus Winjum. Dei gjekk vidare frå delfinalen, og kom til slutt på ein niandeplass i finalen.[3][4]

I 2025 var Kyle Alessandro igjen deltakar i Melodi Grand Prix, denne gongen som soloartist. Han deltok med låten «Lighter», som han hadde skrive sjølv saman med Adam Woods.[5] Under finalen i Oslo Spektrum den 15. februar vann han konkurransen, og fekk dimed retten til å representerte Noreg i Eurovision Song Contest i Basel i Sveits.[6][7]

Eurovision Song Contest 2025

[endre | endre wikiteksten]
Kyle Alessandro på scena i Eurovision Song Contest i Basel.

Alessandro song i den fyrste semifinalen tirsdag 13. mai, der han var den fyrste av deltakarane som blei utropt til å ha gått vidare til finalen laurdag 17. mai.[8] I finalen var han fyrste artist på scena.[9] Alessandro og bidrag hans «Lighter» fekk 89 poeng og enda på 18. plass.[10]

I august 2025 stod Alessandro fram som bifil og sa at han hadde ein mannleg kjæreste.[11] Under den årlege Halloweenfesten til Alexandra Joner, kom han saman med sin kjærast, modellen Brede Bremnes.[12][13]

  1. «kylealessandro». kylealessandro. Arkivert frå originalen 2017-07-28. Henta 2017-07-27. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  2. «Kyle (10) med gåsehud-opptreden: – Som tiåring synger du noe som de fleste aldri vil få til i løpet av et helt liv». TV2 (på norsk). 2024-11-18. Henta 2025-01-28.
  3. «Norway: Melodi Grand Prix 2023». Eurovisionworld (på engelsk (Storbritannia)). Henta 2025-01-28.
  4. Broen, Sara Marie (2023-01-14). «Umami Tsunami setter asiatisk pop på MGP-kartet». NRK (på norsk bokmål). Henta 2025-01-28.
  5. «Disse deltar i Melodi Grand Prix 2025». TV 2 (på norsk bokmål). 2025-01-16. Henta 2025-01-28.
  6. «Kyle Alessandro will be singing for Norway in Basel». eurovision.tv. 2025-02-15. Henta 2025-02-15.
  7. Svelstad, Oda Elise; Eliassen, Heather Ørbeck (15. februar 2025). «Kyle Alessandro er vinneren av Melodi Grand Prix 2025» (på norsk bokmål). NRK. Henta 16. februar 2025.
  8. Nielsen, Marthe Karlson; Brennsæter, Sarah; Kjær, Didrik Søreide (2025-05-13). «Norge til finalen!». www.dagbladet.no (på norsk bokmål). Henta 2025-05-14.
  9. Brekken, Benjamin (2025-05-16). «Norge åpner Eurovision-finalen». VG (på norsk). Henta 2025-05-20.
  10. Tørressen, Anna Rut (2025-05-17). «Østerrike vant Eurovision-finalen». NRK (på norsk bokmål). Henta 2025-05-20.
  11. «Kyle Alessandro, JJ, Sissal, Miriana Conte - FULL TikTok & Insta LIVE (06/08/2025)» (på engelsk). Esc Live. 6. august 2025.
  12. «Kyle Alessandro bekrefter kjæreste». VG (på norsk bokmål). 2025-10-31. Henta 2025-10-31.
  13. «Presenterte kjæresten på rød løper: – Er så takknemlig». TV2 (på norsk bokmål). 2025-10-31. Henta 2025-10-31.