Hopp til innhald

Forfar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forfar
by
Land  Skottland
Region Angus
Folketal 14 230 (2016)
Postnummer DD8
Retningsnummer 0 1307
Kart
Forfar
56°38′35″N 2°53′24″W / 56.643055555556°N 2.89°W / 56.643055555556; -2.89
Wikimedia Commons: Forfar

Forfar er ein by i regionen Angus i Skottland og er administrasjonssenter i regionen. Han har kring 14 500 innbyggjarar. Tidlegare heitte regionen Forfarshire etter denne byen.

Forfar er marknadsby for landbruket i Strathmore i det sentrale Angus. Han er kjent for Forfar Bridies, ein halvrund pai fylt med kjøttdeig og lauk.

Byen ligg rett ved A90, vegen mellom Perth og Aberdeen. Han gjekk tidlegare rett gjennom byen, men det er laga ein ringveg for å føre trafikken utanom. Jernbanestasjonen til byen vart stengd i 1967.

Historia til byen går tilbake til før romersk tid. Ein veit at piktiske leiarar møttest i ei festning ved Forfar for å planleggje korleis ein skulle slå tilbake dei invaderande romarane.

I 1215 vart dottera til leiaren av MacWilliam-klanen myrda på marknaden i Forfar, fordi faren hennar hevda at ho hadde arverett på grunn av slektskapar til Duncan II av Skottland. Ho var enno berre eit spedbarn då motstandarane til faren knuste hovudskallen hennar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Forfar