Burganfeltet
| Burganfeltet | |
|---|---|
| Informasjon | |
| Operatør | Kuwait Oil Company |
| Produksjon | 1 200 000 fat olje per dag |
| Funnår | 1938 |
| Oppstart | 1946 |
| Geografi og geologi | |
| Plassering | Kuwait |
| Koordinatar | 29°06′39″N 47°58′00″E / 29.11083°N 47.96667°E
|
| Rettshavarar | |

Det enorme Burgan-feltet er eit oljefelt i ørkenen søraust i Kuwait. Burgan-feltet kan òg syne til Stor-Burgan — ei gruppe på tre nærliggande felt, som omfattar sjølve Burgan-feltet, og dei mykje mindre felta Magwa og Ahmadi. Stor-Burgan er det største oljefeltet i sandstein i verda, og det nest største totalt, etter Ghawar.
Oppdaging og geologi
[endre | endre wikiteksten]Olje som naturleg har sive ut i overflata over Burgan-feltet, har vore kjend for menneske sidan steinalderen. Bituminøse stoff frå sivbåtar er funne i As-Sabiyah/Nord-Kuwait og er datert attende til 5000 fvt. Dette er spora attende til dette området.[1] Det underjordiske reservoaret vart oppdaga i februar 1938. Det amerikansk-britiske Kuwait Oil Company byra kommersiell oljeproduksjon i Burgan i 1946.[2]
Stor-Burgan, det større området kring Burgan, er det største sandsteinsoljefeltet i verda med eit totalt areal på kring 1000 km². Det omfattar tre mindre feltet: Sjølve Burgan (500 km²), Magwa (180 km²) og Ahmadi (140 km²).[2][3] Strukturen i Burgan-feltet er ein salforma dom med ellipse form og kryssa av fleire radielle forkastingar.[4] Både Magwa og Ahmadi ligg på mindre domar nord for Burgan [5]
Oljereservar, produksjonskapasitet og estimert levetid
[endre | endre wikiteksten]Det totale potensiale oljereserven i Burgan er estimert til mellom 66 og 75 milliardar fat olje, i tillegg til kanskje 2 billionar kubikkmeter naturgass.[5] Bloomberg har estimert at dei gjenverande reservane er 55 milliardar fat i 2005.[6] Akkumulert produkksjon frå 1996 var estimert til kring 28 milliardar fat olje.[4]
Produksjonskapasiteten til Burgan var på 1,7 millionar fat olje i 2005. Det var det fjerde mest produktive oljefeltet i verda i 2013.[7] Dette var lågare enn det hadde vore tidlegare. Det nådde eit høgdepunkt i 1972 med 2,4 millionar fat olje.[4] I 2005 estimerte Kuwait Oil Co. at det attverande levetida til Burgan var 30 til 40 år med ein produksjonsrate på 1,7 millionar fat per dag.[6][7]
I 2010 sa direktøren i Kuwait Oil Company at Burgan produserte kring halvparten av olja frå Kuwait.[5]
Irak-krigen
[endre | endre wikiteksten]I 1991 sette tilbaketrekkande irakiske soldatar Burgan-feltet i brann. Røykskyane frå Stor-Burgan strekte seg 50 km utover og var 2,5 km tjukke. På satellittbilete likna røykskya ein svart slange i ørkenen. The Red Adair Service and Marine Company sløkte 117 av dei brennande brunnane, medan det kanadiske selskapet Safety Boss tok seg av 180 brunnar. CIA-dokument frå 1991 hevda at trass i øydelegginga, var det ingen signfikant uttømming av oljereservane eller fall i produksjonskapasiteten i Burgan-feltet.[8] Tre samlingsstasjonar vart derimot så skadde at dei ikkje kunne reparerast.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Burganfeltet» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ (Connan et al, 2005)
- 1 2 3 Ma, Eddie; Sanwoolu, Ayodele; Abdy, Yaser; Al-Jadi, Menayer (2009). «Evaluation of Infill Drilling in the Third Sand Upper Reservoir, Greater Burgan Field, Kuwait». SPE/EAGE Reservoir Characterization and Simulation Conference, 19–21. oktober 2009, Abu Dhabi, UAE. Society of Petroleum Engineers. doi:10.2118/125330-MS.
- ↑ Carman, George J. (1996). «Structural elements of onshore Kuwait» (PDF). GeoArabia. 1 (2): 239–66. Arkivert frå originalen (pdf) 2014-09-12. Henta 2017-09-05.
{{cite journal}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - 1 2 3 4 «The Burgan Field of Kuwait». Greg Croft Inc. undated, circa 1996. Arkivert frå originalen 2012-06-07. Henta 31. juli 2012.
{{cite web}}: Check date values in:|date=(hjelp); Invalid|url-status=yes(hjelp) - 1 2 3 The Great Burgan Field, Kuwait Arkivert 2013-05-23 ved Wayback Machine. by Rasoul Sorkhabi, GeoExpro Volume 9, Issue 1, 2012
- 1 2 «Kuwait's Burgan Oil Field, World's 2nd Largest, Is `Exhausted'». Bloomberg. 2005-11-12. Arkivert frå originalen 2016-11-06. Henta 31. juli 2012.
{{cite news}}: Den ukjende parameteren|authors=vart ignorert (hjelp); Invalid|url-status=yes(hjelp) - 1 2 «Top Ten Highest Producing Oil Fields». Oil Patch Asia. Arkivert frå originalen 2014-01-02. Henta 7. januar 2014.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ «Status of oil well fire control and reservoir pressures in kuwaiti oil fields». CITE CIA 925441. Central Intelligence Agency. October 2001. Arkivert frå originalen 2012-07-16. Henta 31. juli 2012.
{{cite journal}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- The World's Giant Oil Fields by Matthew Simmons Research Report of Simmons & Co. International