Hopp til innhald

Brølaper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brølaper
Utbreiing
Utbreiinga av brølaper
Utbreiinga av brølaper
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Familie: Atelidae
Underfamilie: Alouattinae
Slekt: Brølaper Alouatta
Lacépède, 1799

Brølaper (Alouatta) er ei slekt av primatar i familien klamreaper (Atelidae).[1] Dei lever i Mellom- og Sør-Amerika og er kjende for dei kraftige ropa sine, som oftast blir høyrde tidleg om morgonen. Dei et hovudsakleg blad og anna plantemateriale. Slekta omfattar 11 til 14 artar.

Brølapene er, etter edderkoppapene, dei største apeartane i den «den nye verda». Kroppslengda på tvers av slekta varierer frå omtrent 38 til 72 cm, med ein lang gripehale som vanlegvis legg til endå 50 til 75 cm. Kroppsmasse spenner over rundt 3 til 11 kg avhengig av art, kjønn og habitat. Alouatta syner kjønnsdimorfisme i både kroppsstorleik og farge, sjølv om grada varierer mykje mellom artar.[2] Hannane er tydeleg større og med gjennomsnittleg 25-30 % meir kroppsmasse enn hoene og hos svartbrølape (Alouatta caraya) skil kjønna seg markert i pelsfarge.[3] Hannar av den største arten, svartbrøleape, er gjennomsnittleg ca. 7 kg.

Ansiktet er hårlaust og mørkt. Munnen og strupen er særleg tilpassa dei kraftige ropa: tungebeinet og skjoldbrusken i strupehovudet er sterkt forstørra, og det finst ein utvida resonanssekk i strupen. Pelsen er grov og oftast lang. Farga varierer frå gulbrun via raud til svart, avhengig av art, alder og kjønn, men kan òg variere mellom individa. Den lange halen er naken på undersida nær spissen og fungerer som gripehale. Armane og beina er lange og kraftige og omtrent like lange. I motsetnad til hos fleire nærskylde artar har han tommelfinger, men redusert.

Utbreiing og leveområde

[endre | endre wikiteksten]

Brølapene finst frå det sørlege Mexico gjennom Amazonasbekkenet og sørover til Nord-Argentina. Dei ulike artane har i stor grad åtskilde utbreiingsområde som sjeldan overlappar kvarandre. Dei lever i skog, men kan finnast i mange ulike skogstypar, frå tropisk regnskog til tørre lauvskogar, fjellskogar opp til 3200 meter over havet og til og med i den savanneliknande cerradoen.

Brølapene er dagaktive trelevande dyr, men kjem stundom ned på bakken. Dei er flinke klatrarar, sjølv om dei rører seg relativt langsamt. Gripehalen fungerer som ei femte hand og er så sterk at dyra kan hengje etter halen åleine etter eit hopp mellom greiner. Hannar og hoer oppheld seg ofte i ulike delar av trea; hannane held seg helst høgt oppe i trekronene, medan hoene oftare finst lenger nede.

Som andre bladetarar må dei bruke mykje tid på kvile fordi næringsinnhaldet i føda er lågt. Dei lever i grupper på vanlegvis fem til tjue individ, samansette av eitt eller fleire vaksne hannar og fleire hoer. Eldre hannar sørgjer ofte for at forholdet mellom hannar og hoer ikkje blir lågare enn om lag 1:3 eller 1:4; elles kan yngre eller lågare rangerte hannar bli jaga bort.

Innanfor gruppa finst eit tydeleg rangsystem mellom hannane. Slåstkampar og til og med drap på ungar førekjem. Når ungdyra blir vaksne, forlèt dei fleste fødegruppa si, truleg fordi dei har små sjansar til å klatre i rang der. Brølapene forsvarar ikkje territoria sine særleg sterkt, og leveområda til ulike grupper kan overlappe mykje. Berre kjerneområdet blir aktivt forsvart og markert med dei karakteristiske brøla.

Kommunikasjon

[endre | endre wikiteksten]

Brølapene har fått namnet sitt frå dei kraftige ropa som både hannar og hoer kjem med, og som kan høyrast fleire kilometer unna. Svartbrølaper er skildra som mest høglydte landdyra i verda, ropa deira høyrast tydeleg på opptil 4,8 kilometers avstand.[4]

Brølinga tener først og fremst som kommunikasjon mellom ulike grupper. Alle hannane i gruppa stemmer gjerne i, og saman med svarrop frå andre grupper oppstår eit imponerande lydspekter. På denne måten gjer brølapene merksam på at dei er til stades og åtvarar andre grupper mot å nærme seg kjerneområdet deira. Slik kan dei unngå energikrevjande konfliktar, noko som er viktig sidan bladkost gir avgrensa tilgang på energi.

Brølapene er reine planteetarar. Blad utgjer hovuddelen av kosten og svarar for mellom 52 og 77 prosent av den årlege næringa. I tillegg et dei frukter og blomar i varierande omfang gjennom året. Av og til kjem dei ned på bakken for å drikke eller for å ete jord.

Formeiring

[endre | endre wikiteksten]

Ungar kan bli fødde heile året, og det finst ingen tydelege teikn på sesongvariasjon i fødselstala. Hos mantelbrølapen (Alouatta palliata) nærmar hoa seg ein hann og viser at ho er paringsvillig gjennom rytmiske rørsler med tunga. Dersom hannen svarar på same måte, snur hoa seg og lyfter bekkenet, og paringa tek til.

Hos alle artane varer drektigheita om lag seks månader (180–190 dagar), og det blir vanlegvis fødd éin unge. Dei første månadene klamrar ungen seg til magen på mora, før han seinare sit på ryggen hennar. Ei undersøking viste at 44 prosent av alle dødsfall blant ungar skuldast at eldre hannar i gruppa drep dei. Dei andre hoene i gruppa, særleg dei som ikkje har eigne ungar, hjelper òg til med omsorga. Faren kan dessutan bere ungen på ryggen sin.

Ungane blir avvende når dei er om lag ti månader gamle. Hoene blir kjønnsmodne etter tre til fire år, medan hannane blir det etter rundt fem år. Likevel går det ofte fleire år før ein hann har oppnådd så høg rang i gruppa at han får høve til å få avkom.

Den gjennomsnittlege levealderen er kring 16 år. I fangenskap har enkelte individ levd meir enn 25 år.[2]

Trugsmål og vern

[endre | endre wikiteksten]

Dei naturlege fiendane til brølapene omfattar rovdyr som ozelot og margay, samt rovfuglar som harpyørna. Avskoging har ført til at leveområda deira mange stader har blitt mindre og meir oppstykka. Jakt spelar ei mindre rolle som trugsmål.

På grunn av den store tilpassingsevna si og dei relativt små territoria klarer brølapene seg likevel betre i reduserte leveområde enn mange andre amerikanske primatar. Difor er dei gjennomgåande mindre truga enn fleire av slektningane sine.

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Brølapene høyrer til familien klamreaper (Atelidae), som mellom anna er kjenneteikna av gripehalen. Innan denne familien blir brølapene rekna som den mest opphavlege gruppa og systergruppa til alle dei andre klamreapene.

Det vitskaplege slektsnamnet Alouatta er avleidd frå det franske ordet alouette («lerke»). Namnet blir her brukt i tydinga «varslar om morgongryet».

Slekta brølaper blir delt inn i 11, 12 eller 14 artar, avhengig av kva artsinndeling som blir lagd til grunn.

Dei norske artsnamna vist under er ei omsetting frå tysk. Offisielle, normerte norske artsnamn er ikkje tilgjengelege.

Mellomamerikansk klade

[endre | endre wikiteksten]
  • Mantelbrølape (Alouatta palliata) har svartbrun pels og lange, gullbrune hårfrynser langs sidene. Arten finst frå Mexico til nordvestkysten av Sør-Amerika.
  • Guatemalabrølape (Alouatta pigra) lever på Yucatán-halvøya, i Belize og i Guatemala.

Coibabrølape lever i eit avgrensa område i Panama, men blir i dag rekna som ein underart av mantelbrølape.

Søramerikansk klade

[endre | endre wikiteksten]
  • Bjørnebrølape (Alouatta arctoidea) liknar mykje på raudbrølapa i utsjånad, men skil seg genetisk tydeleg frå denne.
  • Raudhandbrølape (Alouatta belzebul) har svart pels, medan hender, føter og halespiss stundom er raudbrune. Arten lever i Amazonasområdet.
  • Svartbrølape (Alouatta caraya) lever i den sørlege delen av Sør-Amerika. Hannane er svarte, medan hoene er gulbrune eller olivenfarga.
  • Spixbrølape (Alouatta discolor) vart nyleg skild ut frå raudhandbrølapa som eigen art. Han skil seg frå denne ved å ha raudleg pels på ryggen.
  • Brunbrølape (Alouatta guariba) finst i kystskogane i Brasil og i nordaustlege Argentina. Pelsfargen varierer frå gulbrun til oransje, avhengig av leveområdet.
  • Juruábrølape (Alouatta juara) har raudbrun pels og lever lengst vest i Amazonasområdet.
  • Guyanabrølape (Alouatta macconnelli) frå det nordaustlege Sør-Amerika vart nyleg skild ut frå raudbrølapa som eigen art.
  • Amazonassvartbrølape (Alouatta nigerrima) er svartfarga og lever òg i Amazonasområdet.
  • Purúsbrølape (Alouatta puruensis) finst i den vestlege delen av Amazonasbassenget.
  • Boliviabrølape (Alouatta sara) frå det sentrale Sør-Amerika har raudleg pels.
  • Raudbrølape (Alouatta seniculus) lever i det nordlege Sør-Amerika og har som regel raudbrun pels.
  • Maranhãobrølape (Alouatta ululata) har usikker status som eigen art og kan vere ein lokal populasjon av raudhandbrølapen.
  1. ↑ «Primater». Universitetet i Osla, Institutt for biovitenskap. Henta 18.06.2026. {{cite web}}: Check date values in: |vitja= (hjelp)
  2. 1 2 «Howler Monkey». A-Z Animals. Henta 18.06.2026. {{cite web}}: Check date values in: |vitja= (hjelp)
  3. ↑ Dumstorff, Emily. «Alouatta howler monkeys». Animal Diversity Web (på engelsk). Henta 18.06.2026. {{cite web}}: Check date values in: |access-date= (hjelp)
  4. ↑ «Black howler monkey». Smithsonian's National Zoo & Conservation Biology Institute. Henta 18.06.2026. {{cite web}}: Check date values in: |vitja= (hjelp)
  • Denne artikkelen byggjer på «Brüllaffen» frå Wikipedia på tysk, den 18. juni 2026. Artikkelen gav følgjande litteraturliste:
    • Thomas Geissmann Vergleichende Primatologie. Springer-Verlag, Berlin u. a. 2003, ISBN 3-540-43645-6.
    • Ronald M. Nowak: Walker's Mammals of the World. 6th edition. Johns Hopkins University Press, Baltimore MD 1999, ISBN 0-8018-5789-9.
    • Don E. Wilson, DeeAnn M. Reeder (Hrsg.): Mammal Species of the World. A taxonomic and geographic Reference. Johns Hopkins University Press, Baltimore MD 2005, ISBN 0-8018-8221-4.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Brølaper