En ung, lyshÃĨret gutt som spiller hardingfele.

Audun RÃļrmark i bandet Unik 4 spela hardingfele under MGPjr i 2013.

Foto av Audun RÃļrmark.
Av /NTB.

Hardingfele er eit musikkinstrument som liknar pÃĨ fiolin. Det blei utvikla i Hardanger i Noreg pÃĨ 1600-talet. Hardingfele blir ofte kalla for fele.

Hardingfele er eit viktig instrument i norsk folkemusikk.

Bruk

Hardingfeler er laga av tre. Dei har fire strenger, som musikaren speler pÃĨ. I tillegg har fela understrenger. Musikaren speler ikkje direkte pÃĨ desse strengene, men dei gjev ekstra klang. Hardingfela har vanlegvis fire eller fem understrenger.

Ei hardingfele er litt mindre enn den vanlege fiolinen. Fela er smykka med dekorasjonar og har ofte eit utskore drakehovud Ãļvst pÃĨ halsen.

For ÃĨ spele pÃĨ hardingfela, held felespelaren instrumentet pÃĨ tvers under haka, med den smalaste delen mot venstre. HÃļgre hand stryk over strengene med ein boge. Fingrane pÃĨ venstre hand blir pressa ned mot strengene, for ÃĨ setje tonen.

Hardingfele blir brukt i ulike typar norsk folkedans, mellom anna halling. Halling er ein dans med ÃĐin eller fleire dansarar. Dansaren skal ofte sparke ned ein hatt frÃĨ ein stokk, som blir kalla staur.

Historie

svart/hvitt foto av to menn og en kvinne. Mennene spiller pÃĨ hardingfele. Kvinnen sittet og holder hardingfela i fanget. Kvinnen har pÃĨ seg bunad. Mennene har svarte dresser.

Tre hardingfelespelarar i Telemark frÃĨ ca 1911.

Foto av musikarar.

Hardingfela blei utvikla i Hardanger pÃĨ 1600-talet. Den blei til ved at ein blanda eldre strykeinstrument med fiolin. Utover 1800-talet blei hardingfela eit populÃĶrt instrument fleire stader i Noreg, mellom anna i Valdres, Hallingdal og Telemark.

Vanleg fiolin blir Ãēg brukt i norsk folkemusikk. Her blir han gjerne kalla vanleg fele eller flatfele. Ein musikar som speler fele, anten hardingfele eller vanleg fele, blir kalla felespelar eller spelemann. FÃļr var det nesten berre menn som spelte fele. No er det Ãēg mange kvinner.

Gjennom norsk utvandring pÃĨ 1800-talet spreidde hardingfela seg til mellom anna USA.

Hardingfele blei eit viktig symbol under nasjonalromantikken pÃĨ 1800-talet. Mange ser pÃĨ hardingfela som eit norsk nasjonalinstrument.

Hardingfele i norsk musikk

Tre musikere pÃĨ en scene. Det er to menn og en kvinne. Alle tre spiller hardingfele.

Hardingfela blir Ãēg brukt utanfor den tradisjonelle folkemusikken. Gruppa Valkyrien Allstars bruker hardingfele i meir moderne musikk.

Foto av Valkyrian Allstars.
Av .

Den mest kjende norske hardingfelespelaren var frÃĨ Telemark og heitte Torgeir Augundsson (1801–1872). Han blei ofte kalla Myllarguten.

Torgeir Augundsson var den fÃļrste spelemannen som reiste rundt og spela konsertar med hardingfele. SigbjÃļrn Bernhoft Osa (1910–1990) frÃĨ Voss var ÃĐin av dei spelemennene som gjorde hardingfela kjend, bÃĨde Noreg og i utlandet.

Hardingfele og folkemusikk blir Ãēg brukt saman med andre sjangrar. Felespelaren Tuva Syvertsen spelar hardingfele i bandet Valkyrien Allstars. Dei har vunne fleire prisar for musikken sin.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor emeritus, OsloMet – storbyuniversitetet